Eurodesk i Europa

  • Kan eg halde fram med å ta fiolintimar mens eg skal studere medisin i Polen?
  • Kan sambuaren min vere med og i tillegg drive med frivillig arbeid eller få seg ein jobb der?
  • Eg vil gjerne vere trainee i eit europeisk land, men kvar finn eg tilbod?
  • Kor mykje må eg rekne med å betale for ein hybel i Budapest?
  • Finst det internasjonale program eg kan vere med i, der eg kan møte ungdommar som er interesserte i det same som meg?

Eurodesk kan gi deg svaret på mykje! Veit me det ikkje sjølve, formidlar me vidare til kollegaer i andre land, eller til samarbeidspartnarane våre i Noreg! Du kan også kontakte ein lokal Eurodesk-partnar direkte.

1. Oversikt over alle kontaktpunkta i Europa

Eurodesk-nettverket informerer om internasjonale moglegheiter til ungdom i 36 europeiske land.

Lokalkontaktane i Eurodesk-nettverket er spreidde utover heile Europa, og dei kan gi detaljert informasjon om moglegheitene som finst i områda dei held til i.

Gå inn og ta ein kikk!

2. Søk opp tilbod om praksis, frivillig arbeid, stipend og andre moglegheiter i utlandet

Eurodesk har utvikla ein «Opportunity Finder». Denne kan ungdom og dei som jobbar med ungdom, bruke til å finne aktuelle og relevante tilbod.

Tilboda er sorterte i kategoriane learningvolunteeringinternshipsparticipating og grants.

Alle medlemmane i nettverket er med på å oppdatere denne databasen, slik at det stadig kjem nye, spanande tilbod.

Du kan også spørje oss direkte, så skal me saman med nettverket prøve å finne fram til moglegheiter som passar for deg.

3. Erasmus+ opnar mange dører for internasjonale erfaringar

Eurodesk er ein del av Erasmus+, som er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Programmet er delt inn i ei rekkje støtteordningar på dei ulike felta og rettar seg mot ulike målgrupper.

4. Time to Move-kampanjen

Kvart år i oktober går Eurodesk-kontaktane saman om kampanjen Time to Move.

I 2019 var det 1100 arrangement i 31 land for å skape merksemd om alle former for internasjonal mobilitet på ungdomsfeltet.

Lokalkontaktar for Eurodesk i Noreg kan søkje om midlar frå oss for å gjennomføre informasjonstiltak om moglegheiter for ungdommar i utlandet. I 2019 organiserte 5 lokalkontaktar totalt 17 informasjonsarrangement i ulike byar i Noreg i løpet av kampanjen.