Den europeiske ungdomsportalen

Den europeiske ungdomsportalen er EU sin portal for ungdomsinformasjon. Her finn du informasjon og moglegheiter både på europeisk og nasjonalt nivå for unge som bur, studerer og jobbar i Europa.

Portalen tilbyr informasjon om åtte hovudtema: frivillig arbeid, jobb, læring, sei di meining, kultur og kreativitet, helse, sosial inkludering og tenk globalt. I tillegg finn du informasjon og tips om reiser i Europa.

Den europeiske ungdomsportalen er tilgjengeleg i 34 land og på 28 språk. Eurodesk i Noreg samarbeider med unge, norske journalistar som skriv artiklar til portalen.

Eurodesk har ansvaret for Den europeiske ungdomsportalen på oppdrag frå EU-kommisjonen.

1. Unge Eurodesk-journalister

Eurodesk samarbeider med unge journalistar som skriv artiklar til Den europeiske ungdomsportalen. Utgangspunktet deira er som regel eigne internasjonale erfaringar. Dei tar også opp andre tema, som internasjonalt arbeid, kulturmøte, ikkje-formell læring og samfunnsengasjement.

Har du lyst til å bli Eurodesk-journalist?

Alle som ønskjer det, kan sende oss forslag til bidrag til Ungdomsportalen. Blir artikkelen din antatt, får du namnet ditt på han. I tillegg får du eit gåvekort.

Marika Bentzen (mobil: 95 25 78 50) er bloggar og tidlegare frivillig gjennom Europeisk volontørteneste. Ho er rettleiar for journalistane, og du kan ta kontakt med ho viss du synest dette høyrest interessant ut.

Utvalde artiklar: 

2. Den europeiske ungdomsveka

Omtrent kvart andre år arrangerer EU Den europeiske ungdomsveka.

Førre utgåve av ungdomsveka fann stad i mai 2019, med temaet «Demokratiet og eg». I Brussel var det ein stor YO-fest for europeiske ungdomsorganisasjonar, og representantar for ulike prosjekt frå ungdomsdelen av Erasmus+ var inviterte til å vere med på arrangementet. Blant dei utvalde Erasmus+-prosjekta som blei presenterte med banner framfor EU-parlamentet, var prosjektet «Dramacamp» frå Blindeforbundet. Fylkestinget for ungdom i Buskerud, Mandal ungdomsråd og ein tidlegare deltakar i Det europeiske solidaritetskorpset var til stades i Brussel.

Representantar frå ungdomsfylkesråda i Nordland, Møre og Romsdal, Buskerud og Agder-fylka var i møte både med statssekretæren i Barne- og familiedepartementet og med politikarar på Stortinget for å leggje fram resultat frå Erasmus+: Aktiv Ungdom-prosjekta sine.

I nokre kommunar, til dømes Oslo, Sykkylven og Nordkapp, var det lokale arrangement for å skape merksemd om ungdom si deltaking i demokratiet.

Eurodesk har saman med Erasmus+: Aktiv Ungdom i Noreg ansvaret for dei norske arrangementa under ungdomsveka.

3. Ungdomsdialogen i EU

Ungdomsdialogen er ein serie dialogaktivitetar for unge og avgjerdstakarar, og han blir gjennomført innanfor ramma av ungdomsstrategien til EU (2019–2027) (ekstern lenkje).

Dialogen skal sikre at synspunkta og behova til unge menneske og ungdomsorganisasjonar blir høyrde i utforminga av ungdomspolitikken til EU.

Ungdomsstrategien har som mål å gjere EU relevant for unge menneske, engasjere dei og styrkje dei. Strategien oppfordrar EU-land til å samarbeide om alle spørsmål som gjeld unge menneske. Dialogen med avgjerdstakarar og andre dialogaktivitetar skjer i arbeidssyklusar på eitt og eit halvt år. Kvar syklus fokuserer på eit eige tema. Det er Rådet (EU-ministrar for unge menneske) som avgjer kva tema syklusen skal ha.

Ungdomsdialogen er retta mot alle unge menneske, også dei med færre moglegheiter og dei som ikkje er aktive og engasjerte her og no. I kvart EU-land er prosessen organisert av nasjonale arbeidsgrupper (ekstern lenkje) som er ansvarlege for å gjennomføre konsultasjonar og aktivitetar med unge menneske, ungdomsorganisasjonar og avgjerdstakarar.

Noreg tar ikkje del i ungdomsdialogen, men gjennom prosjekttypen Ungdomspolitiske møte i Erasmus+: Aktiv Ungdom kan norske organisasjonar også vere med på utforminga av politikken.

Les meir om ungdomsdialogen og korleis denne medverknadsordninga fungerer, på Den europeiske ungdomsportalen (ekstern lenkje).

Vil du engasjere deg på andre måtar? På nettsidene til Eurodesk (ekstern lenkje) finn du eit vell av moglegheiter til å ta del i prosjekt, konferansar, kurs, konkurransar og andre arrangement retta mot ungdom i Europa.